Herdla Backyard Ultra: Malin og Hilmar heng med

Postet av Atle Jomar Hole den 5. sep 2026

 Arkivfoto

154 starta ut på runde sju klokka 15.00

 

Herdla Backyard Ultra hadde litt i overkant av 300 påmelde. Kring 80 av desse møtte aldri til start, og fekk DNS bak namnet sitt.

Løypa er altså 6,7 km lang, med ny start kvar heile time. Det betyr at begge våre er inne i sin andre heilmaraton. Passering 6 rundar er passering  42,2 km.

 

Alt etter ein runde fall dei fyrste frå. No etter seks rundar har nær 70 utøvarar stått av.

MEN ALTSÅ: 154 personar la ut på runde sju klokka 15.00 – mellom desse Malin Berge og Hilmar Kråkenes, som så lang ser ut til å kose seg . Med rundetider stort sett mellom 45-48 minutt.

 

Nye rapportar vil kome – følg med på strava.


Logg inn for å skrive en kommentar.