Foball-foto frå våren 1971

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. okt 2026

 

Svein Hjorthol har kome med oppdatering om fotoet nettsida brukte i saka om Reidar Bremerthun

 

I meldinga frå Svein Hjorthol heiter det:

  • Dette lagbiletet må vere teke våren 1971 på Slettegjerde. Det kan vere etter ein kamp mot Herd der VRF vann 1-0 og Lars Kornberg kom inn og scora  målet. Trur dei hadde Langevåg, Bergsøy, Herd og siste kamp der mot Ørsta, før kampane hausten 1971 var spela på Dalemyra.

 

Vidare opplyser Svein at «Øye-Per» reiste i militæret hausten 1971. Og at det i 1970-sesongen var Arild Lade som stod i mål mesteparten av kampane, då med Johan Svindseth som reserve.

 

Nettsida tvilar ikkje på Svein sine opplysningar. Han plar ha kontroll. Sikkert er det i alle fall at Dalemyra grasbane vart opna i juli 1971, slik at fotoet har eit aldri så lite jubileum – litt i overkant av 55 år. Og Reidar Bremerthun som saka dreia seg om, er nummer to framme frå venstre.

 

For ordens skuld tek vi med alle namna

LAGFOTO VRF VÅRSESONGEN 1971:

Bak frå venstre: Bård Erstad, Eldar Tandstad (yngst på laget – 18 år), John Johansen, Svein Welle, Lars Kornberg (eldst av utespelarane) Johan S. Grebstad (30 år), Per Hole og Einar Fet.

Framme frå venstre: Sigbjørn Fet, Reidar Bremerthun, Bjarne Alnes, Erling Solsletten, Odd Kåre Fet og Johan Svindseth.


Logg inn for å skrive en kommentar.