Tider og plasseringar for VIL-løparane i Gloppen.

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. okt 2026

 arkivfoto

Stormønstring i Gloppen i dag, med halvmaraton og 10 km. Åtte deltakarar frå Velledalen IL

 

Og dei åtte gjorde det framifrå bra. Her er resultata:

10 KM:

Eldar Sindre Valkvæ, 41.25 – nr 1 i M 65-69 – klar årsbeste på distansen

Frank Andersen, 44.56 – nr 2 i M 35-39 – nest beste tid i 2026

 

HALVMARATON:

Hilmar Bjørkheim, 1.20.16 – nr 3 i M 45-49 – klar årsbeste på distansen

Per Inge Bjørnestad 1.23.44 – nr 2 i M 55-59 – årsbeste

Vegard Riksheim Tandstad 1.23.44 – nr 8 i M 35-39 – årsbeste

Stian Hole 1.27.44 – nr 2 i M 50-54 – nest beste tid i 2026

Maciej Decyk 1.29.23 – nr 3 i M 50 -54 – Årsbeste med to minutt og 23 sekund

Fridtjof Fredriksen 1.36.55 – nr 2 i M 60-64. Nest beste tid i år, berre 14 sekund bak klassevinnaren.

 

Eldar Sindre Valkvæ trykte bestetida si på 10 km ned med ytterlegare 45 sekund i Gloppen. Han vil etter alle solemerke vere inne på Kondis sin veteran-statistikk på distansane 3 km, 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton.  Ikkje berre vere inne på lista, men han vil vere høgt plassert!

 

Gratulerer til alle åtte som var i Gloppen og gjorde stas på laget vårt – glimrande jobb!!


Logg inn for å skrive en kommentar.