Ingelin og Irene på toppen av lista K 45-49 på 10 km
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2022
For resultatlista er fin. Den er ei rein nyting, lista som lyder namnet K 45-49 år 10 km. Som betyr at dei som står på lista er kvinner, i alderen 45-49 år.
Øvst på denne lista finn vi to kvinner frå Sykkylven. To kvinner som aldri framhevar eigne prestasjonar. To som går stille i dørene, kan vi trygt seie. Begge med medlemskap i Velledalen IL, og som kan vere stolte av det dei leverte.
Ingelin hadde berre meldt seg på under stadnamnet «Sykkylven», ho er landhockey-frue (gift med Øystein), men er sjølvsagt velkomen til å springe for Velledalen IL – løparklubben i Sykkylven - sidan ho er medlem.
Her er reultatlista, Ålesund 7.mai, K 45-49 år, 10 km:
1. Ingelin Sæle, Sykkylven, 56.20
2. Irene Mork, Velledalen IL, 56.29
3. Grete Hatlehol, Tennfjord, 1.05.10
4. Tove Jorun Tennøy, Molde, 1.08.03
5. Torill Standal Eliassen, Visma Avento, DNS
6. Synnøve Grønningsæter, Entrepnor, DNS
Så kan ein hoppe til resultatlista for ALLE KVINNER UANSETT ALDER.
Her viser det seg at Ingelin vart nummer 35 og Irene nummer 36 av 104 fullførande kvinner på 10 km
Er det ikkje flott….?