Sterke maratonløp av Andreas og Bjørn Arve
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2022
Andreas Mosby Nakken kom inn til fine 3.15.55. Sidan det er relativt sjeldan så unge utøvarar spring heil maraton, var Andreas åleine i klassa.
Dermed klassesiger, og ei tid han truleg kan senke vesentleg i framtida. Truleg er jamn og god trening over tid målet som skal til.
Gratulerer med flott debut, Andreas!
Ein vesentleg eldre kar, Bjørn Arve Brune, var Velledalen IL sitt andre innslag i løpet. Bjørn Arve må omtalast som ein rutinert løpar, men har ikkje mange løp på heil maraton. 3.17.44 er ei knalltid av ein kar som ved neste jubileum skal feire 60 år.
Flott 2.plass i klasse 55-59 år på Bjørn Arve i Ålesund
Klubben din er strålande nøgd med prestasjonen, Bjørn Arve!
Elles nemner vi at kvinnevinnar i Konradløpet sist sundag, evigunge Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven IL, denne gongen sprang heilmaraton på 3.28
Vi treng ikkje røpe alderen, men ho er jamgamal ved Velledalen IL sin friidrettsleiar, Alf Petter Bøe.
PS. Frode Hoprekstad var påmeld, men måtte diverre hoppe av grunna sjukdom