Gratulerer til Jakub, Maciej og Alastair
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2022
For Velledalen IL som arrangør av Konradløpa er det kjekt å registrere den enorme oppslutninga frå ulike nasjonar. I denne korte artikkelen skal vi prise tre slike utøvarar.
JAKUB HEJL:
Før løpet 1.mai 2022 var det Michael Uhlar som hadde den tsjekkiske rekorden. Heilt tilbake til 2010 sprang han på fine 16.34. Tolv år seinare, overtok Jakub Hejl rekorden etter eit vel-disponert løp på sterke 15.50.
MACIEJ DECYK:
Den polske rekorden har vore på skiftande hender opp gjennom åra. Ganske naturleg sidan Polen ofte har hatt med mange deltakarar.
Før årets løp var det Mateusz Wojcieh Oskiewicz som hadde rekorden.
Han sprang i 2016 på 19.03. Den rekorden gjorde i 2022 eit solid jafs til det betre, sidan Maciej Decyk i år gjorde solide 17.41
ALASTAIR BRUNTON:
Skotsk rekord er ikkje tidlegare notert på listene våre. Men i år kan vi sette tida 18.18 bak namnet til Alastair Brunton, som skotsk rekord. Ei fin tid for o-løparen i bryne seg mot i seinare startar.
Alle dei tre nemnde er viktige personar i Velledalen IL sitt arbeid med trim & trivsel på tvers av landegrensene.
Alle tre har medlemskapet i Velledalen IL i ordna former.
Alle tre karar vi er stolte av å ha i klubben vår.
PS. I oversikta over nasjonale rekordar har vi hittil ikkje gjort skilnad på menn og kvinner. Vi nemner likevel at Erika Oginte i 2022 gjorde den raskaste tida (19.05) ei kvinne frå Litauen nokon gong har gjort.