Nikodem og Sophia spring også i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2022
Vi har før meldt at Andreas debuterer på heilmaraton i dag. Som den yngste vi veit om nokon gong i Velledalen IL
Holmberg-jentene er kjende for sine ulike stunt. Vi trur at Sophia Johanne Holmberg – om ho fullfører – er den yngste kvinne/jente som har sprunge halvmaraton i Velledalen IL. Sikkert er det i alle fall at Sophia vert konfirmert i morgon, sundag 8.mai
Så er det gledeleg at Velledalen IL har med minst ein utøvar i Barnas Maraton. I alle fall står Nikodem Balon på listene over dei som skal starte. Heia Nikodem og Polen!
Dermed er det grunn til å tru at 16 utøvarar spring for Velledalen IL i Ålesund i dag. Suverent! Den 17. (Frode Hoprekstad) vert truleg programhelt grunna sjukdom. Frode var påmeld på heilmaraton