55 debutantar i årets Konradløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2022
- 55 debutantar påmelde dette året. Tre av dei henta ikkje startnummeret sitt, skriv Lars Inge Sæther i ei melding til VIL-Nett.
Det betyr at ganske nøyaktig 1 av 4 var debutantar dette året, og dermed kvalifiserte til Konradløpet sin diplom. Utøvarar som ikkje hugsa hente den etter løpet, kan få den i etterkant om dei melder frå til arrangøren.
I 2023 skal det 20.løpet arrangerast. Det finst fleire utøvarar som har delteke i samtlege, og såleis er kvalifiserte til den nye 20 års premien.