Pernille Ibsen Lervåg æresmedlem i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2022
Det var VIL-leiar Ove Inge Skylstad som delte ut prisen til Pernille under samkoma i grendahuset etter Konradløpet.
- Velledalen IL miste to æresmedlem i 2021 (Magnar Fet og Paul Hole), difor er det naturleg med påfyll, sa Ove, før han greidde ut om alt det gode prisvinnaren har gjort for laget.
Prisvinnaren hadde fleire sterke sider, kom det fram. Sportsleg har ho fem pallplassar på seks startar i Konradløpet. Ho har vore beste kvinne to gonger (2018 og 2019). Bestetida hennar er 17.34. Berre skijenta Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, har betre tid.
Vidare er Pernille fire gonger KM-vinnar i orientering for Velledalen IL. To gonger på mellomdistanse (2017 og 2018), vidare på langdistanse (2019) og sprint (2019). Sist sommar tok ho tre 2.plassar i Midt-Norsk Meisterskap i orientering i Trøndelag, og ho har sterke plasseringar i veteranmeisterskap både nasjonalt og internasjonalt.
Men Pernille har aldri prioritert seg sjølv og eiga satsing etter ho kom til Velledalen IL. Nei, ho har vore pådrivar for å lære denne fine sporten til andre. Og for å gjere det må ein ha kart. Her starta Pernille i nærområdet. Fyrste karta vart laga over området Dalemyra. Born og foreldre strøymde til og ville prøve den nye idrettsgreina. Pernille bygde steg for steg, og i dag har store deler av b
ygda o-kart.
Ho skreiv søknadar om pengestøtte, der med har arbeidet hennar langt på veg har vore sjølvfinansierande. Somme av prosjekta har fått spelemiddel-støtte. Pernille var primus motor – med god støtte av Lars Even Hatlemark – for skulegardskarta som sykkylvs-skulane har fått.
Pernille har langt frå vore åleine i Velledalen IL si o-gruppe desse åra, men ho har heile tida vore den store pådrivaren – den som sat på kunnskapen….og pågangsmotet. Det er henne å takke at skuleborn og ungdom – også vidaregåande skular – siste åra har fått eit nytt aktivitets-tilbod. Ho har sett ut postar, teke inn postar, arrangert løp og skulert lærarstanden. Velledalen IL har siste åra arrangert årlege kretsløp i orientering, med stor deltaking, ulike stadar i bygda. Kvar haust dei siste åra har det vore arrangert kretssamling i orientering i Sykkylven, med deltaking frå alle klubbar i Møre og Romsdal. Overnatting og felles måltid gjer desse samlingane sosiale og miljøskapande. Og det er Pernille som dreg i dei fleste trådane her også.
Sjeldan har Velledalen IL utnemnd ein meir fortent æresmedlem enn denne gongen. Vi skal hugse at Pernille har gjort jobben i Velledalen IL som småborns-mor. Ikkje til eitt born, men til tre. Ho har vore målretta, energisk og uthaldande. Vi veit at det ho har gjort, ikkje har vore nokon enkel jobb. Difor er dette litt ein pris også til hennar næraste som har støtta henne i kvardagen, og til alle som har hjelpt henne i det arbeidet ho har lagt ned.
Vi tør med stor skråsikkerheit hevde at Velledalen aldri har hatt hennar likemann eller kvinne – kanskje ikkje bygda Sykkylven heller. Sterke ord, men sanne ord!
Dette var fortent, Pernille!