Kasserarmelding: - Takk for i dag, vedlagt 200 spenn!

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2022

Kasserar i Velledalen IL, Henning Tandstad, fekk ei triveleg melding om kvelden 1.mai. Meldinga kom frå ei kvinne som skreiv fylgjande til ei innbetaling på 200 kroner
 -  Takk for i dag!

Det høyrer med til soga at kvinna ikkje var skuldig pengar, så det var tydelegvis ei betaling på 250 kroner for opplevinga ho vart til del i Velledalen 1.mai.

Slikt gjer inntrykk!