Sprekingar tok Konrad- og o-løp same dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2022

For somme av VIL sine utøvarar, vart sundag 1.mai ein krevjande sportsleg dag. Med Konradløp i gryotta og o-løp i Spjelkavik seinare same dag. Ikkje mindre enn KM i sprint.

Klasse N-open hadde ikkje mindre enn ti deltakarar. Mellom desse brørne Knut og Olav Klokk, fine emne som begge fullførte i fin stil.
I klasse C-open var VIL-utøvar Stina Skjærdal einaste utøvar, medan vi i klasse B-open fekk ein rivande familie-duell mellom Tormod og Janne. Strekktidene på Eventor viser at Janne opna best. Men frå tredje post var Tormod i tet, ei leiing han aldri sleppte. Tidene vart 14.00 på Tormod og 17.28 på Janne. Og vi registrerte ei sterk km-tid på Tormod, som viser at han kan vere på veg mot noko stort.

Velledalen IL sin mann i klasse M 21 var Jakub Hejl.
 Etter sterk 2.plass i Konradløpet gjekk han respektlaust til verks også i o-løpa. Mellom sju løparar starta han med i vere tredjemann på dei to fyrste postane. Så sprang han seg opp til 2.plass etter stødig orientering. Løypa hadde 17 postar utanom målgang, og frå 9. til og med 13.post var Jakub i tet, men hardt pressa av heimeløpar Henning Osnes Teigene. Inn til post 14 var Osnes 17 sekund raskare enn Jakub. Og då dei resten av løpet sprang mest på sekundet likt, vart resultata slik:
 1. Henning Osnes Teigene, Emblem IL, 16.55
 2. Jakub Hejl, Velledalen IL, 17.03
 3. Jan Magne Solibakke, Emblem IL, 18.21
 4. Harald Godø Gjerdahl, Emblem IL, 18.40
 5. Jan Ole Fuglem, Emblem IL, 21.02

Som vi ser var dette Jakub mot Emblem IL.
Vi synest du greidde deg framifrå, Jakub!!