O-samling på Sula 30.april
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2022
Frå o-gruppa vert det meldt om 23 utøvarar under o-samlinga på Sula. For aldersgruppa 12-20 år. Frå Velledalen IL stiller trioen Elias Bjerkan, Johan Fløttum Fauske og Tobias Ibsen Lervåg. I tillegg to frå mødre-avdelinga, Pernille og Marianne. Sjølv om dei tre idretts-spreke gutane neppe får med seg MiniKonrad i dag, vil dei kanskje teste løypa og tidene ved eit anna høve. Friidrettsgruppa stiller heilt sikkert som tidtakarar.