Fin formtest for Marius Kalland i Trondheim
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2022
Trønderjogg vert arrangert av Strindheim IL, med distansar på 5 og 10 km. Denne gongen med klart flest deltakarar på 5 km. Her fullførte heile 143 utøvarar. Av desse vart Velledalen IL sin Marius Kalland nummer 47 på tida 19.08. I klasse 23-34 år vart Marius nummer 17. Tida 19.08 på 5 km betyr at han er god for ned mot 17.00 under Konradløpet komande sundag. Der er Marius påmeld, i eit løp som for hans del truleg vil ende i ny personleg bestenotering.