Dårleg fotballstart for herrefotballen på Valderøya
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2022
Seriestart i 5 .div Sunnmøre denne helga. I denne divisjonen finn ein både Stranda og Sykkylven sine herrelag. Begge opna på bortebane. Stranda med siger, Sykkylven med tap. 3-2 siger borte mot Åmdal gjer at Stranda kan ta mot Ørskog/Stordal til lokaloppgjer med friskt mot komande veke.
Då er det verre for Sykkylven IL, som i går fekk solid bank av Valder. Heimelaget leia 2-0 til pause, og glei opp i 4-0 før Håkon Hunnes Hansen reduserte i det 85.min. Dommar var Jan Lund, Godøy IL. Skal vi tru rapporten frå Sunnmøre Fotballkrets leia han ein reinspela kamp. Berre eitt gult kort i kampen, til velledalingen Dag Erik Myhre. Med 4-1 tap i opningskampen er det å vone på betre takter i neste kamp, heime mot Ravn på Sykkylven stadion 28.april