Konradløp utan dei beste VIL-utøvarane

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2022

Frå påskekonrad

   Ei veke før løpet er det klart at dei tre skarpaste herrane vert fråverande. I uprioritert rekkefylgje; Nikolai Handle Jensen, Nål Torillson Tyssing og Constantin Rust. Sistnemnde er skadd etter å ha vorte teken av skred i april, Njål (som i påska sette norsk besteid i løypa) skal til Svalbard, medan Nikolai heldt på med førebuingar til OCR-sesongen. I tillegg skal det seiast at dei tre karane har base temmeleg langt frå Velledalen. Njål og Nikolai i Oslo, Constantin i Tromsø.

    Heller ikkje Anette Heimli Jokstad stiller, normalt sett vårt sterkaste kort på kvinnesida. Ho er til liks med sambuar Nikolai klar for ein spennande OCR-sesong. Alle dei fire her nemnde hadde vore sterke pall-kandidatar i eit normalår.

Vi har og ei viktig melding til gutar som har mål om å knipe bestemannspremien under MiniKonrad: VIL sin sterke trio Elias Bjerkan, Johan Fløttum Fauske og Tobias Lervåg skal på O-samling 30.april, og stiller difor ikkje.
MiniKonrad har påmelding frå 15.00 (vestibyla i grendahuset) og fyrste start klokka 16.00 – laurdag 30.april. Premie til alle. Aldersgruppe 0-15 år. Berre eldste gruppe spring på tid (2007-2011).
    
    
...