Spreke VIL-veteranar i Valder-løpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2022
Foto: Susan G
45 utøvarar fullførte løpet Valderøya Rundt i dag. Eit landevegsløp på kring 8,7 kilometer. Frode Mauren vart nummer tre i klasse 45-49 år på den fine tida 33.32. I klasse 55-59 år tok VIL-løparane like godt trippel ved AP Bøe, Bjørn A Brune og Frode Hoprekstad.
Her er nokre tider frå løpet:
30.13: Kristian Nedregård, Spjelkavik & Omegn – beste løpar uansett klasse
33.32: Frode Mauren, Velledalen IL – nr 6 totalt, nr 3 i klasse 45-49
34.20: Alf Petter Bøe, Velledalen IL – nr 8 totalt, nr 1 i klasse 55-59 år
35.07: Bjørn Arve Brune, Velledalen IL – nr 10 totalt, nr 2i klasse 55-59 år
36.11: Janne Elin Vatnaland, Spirit Friidrettsklubb – nr 12 totalt, beste kvinne i løpet
39.03: Frode Hoprekstad, Velledalen IL – nr 19 totalt, nr 3 i klasse 55-59
I alt 45 fullførande