Konradløpet har 20 års jubileum 1.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2022

1.mai 2002 vart det fyrste Konradløpet arrangert. Det var Ole Petter Berge frå Jørngarden på Brunstad som kasta fram tanken:

    - Konrad hadde eigentleg fortent sitt eige løp, sa han til dåverande VIL-leiar, Atle Hole, etter å ha vorte inspirert av Odd Kvammen sin film om Konrad, vist i gravferda.

Styret i Velledalen IL lufta innspelet og konkluderte:

   -
    
   
   Ja, kvifor ikkje. Vi (Velledalen IL) kan arrangere, men det må vere eit arrangement i Konrad si ånd.

Tankane kring fyrste arrangementet var enkle. Svært enkle. Det faktum at start vart sett til klokka 05.00 (i Konrad si ånd), gjorde at vi venta toppen 30-40 deltakarar. I verste fall ville det kome ei handfull
Det kom 195. VIL-styret trong kvile då det heile var over. Men frøet var sådd. Dette kunne det byggast vidare på.

Og det gjorde Velledalen IL. Deltakartalet auka. Det vart servert frukost i samband med laget sitt 100 års jubileum i 2006. Seinare fast tradisjon. MiniKonrad kom med i 2007, arrangert kvelden før hovudløpet. Deltakartalet voks. Det vart sprunge fort – og sakte, i Konrad si ånd. Konradfilmen vart tradisjon å vise etter kvart løp. Ei gåve til VIL frå Odd Kvammen. Utøvarar frå langt over 20 ulike nasjonar har delteke. Konradløpet har brent seg fast som ei gild samkome på tvers av generasjonane.

1.mai 2022 er det 20 år sidan starten. Alle er hjarteleg velkomne til å vere med oss denne dagen – truleg med litt ekstra stas i høve jubileumet.