Andreas (18) spring heilmaraton 7.mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Apr 2022

Arkivfoto
Eit maratonløp er langt. 42 195 meter for å vere nøyaktig. Det er liksom ikkje der unge utøvarar startar. Det har heller ikkje Andreas gjort. Saman med tvillingbror Sivert har han alt lang røynsle på løp over 5 km, 10 km og halvmaraton. Men heilmaraton, ja det vert fyrste gongen for Andreas sin del den 7.mai. Og det er heller ikkje så fælt ofte utøvarar under 20 år spring heilmaraton, sjølv nasjonalt.
 Ingen gutar i Velledalen IL har gjort det, i så ung alder.
 VIL sine yngste maraton-løparar uansett kjønn er Christina og Emma Holmberg. VIL-Nett kunne tenkt seg ei tilbakemelding på deira alder ved debuten.

Men Andreas er altså 18 år. Vert 19 komande sommar. Som betyr at han spring i klasse 19 år, for dei som er opptekne av slikt. Om nokon lurer på om guten er i form, kan dei studere tidene frå PåskeKonrad. Rett nok berre litt i overkant ein tiande-part av eit maraton, men likevel. Klokka stogga på 16.09 for Andreas på Brunstad Skjærtorsdag. Sist det offisielle Konradløpet vart arrangert (i 2019) kom han inn på 18.06. Ein formidabel framgang!
15-talet kan bli realitet alt 1.mai 2022….

PS. Det vil kome meir på nettsida om Andreas sitt debut-løp i Ålesund, der ein i tillegg kan springe 5 km,10 km og halvmaraton. Kring 600 er påmelde hittil, i det som truleg vert største løpsmønstringa på Sunnmøre i 2022