Trimpostane: Her er stillinga frå Bruna trimpost 15.april
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2022
Som vanleg er oppslutninga om Bruna trimpost solid. 15.april litt over klokka 15.00 var stoda slik:
251 noteringar: Inger Anne Riksheim
143: Ingunn Hole Hunnes
130: Inger Fet
70: Jan Kåre Oterhals
65: Einar Magne Fet
55 Bente Hjelle
Ei liste heilt fri for sensasjonar er det vel lov å seie.
Vinteren vi har lagt bak oss har ikkje vore av dei lettaste for trimpost-vandrarane. Difor reknar vi med besøket tek seg ganske så kraftig opp etter kvart som våren pressar seg fram.