Skrantande «kontorhald» på somme trimpostar
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2022
Velledalen IL har denne sesongen 15 trimpostar.
På dei aller fleste av desse går alt greitt. Men særleg ein post slit, og det er synd at det mest har vorte årvisst med klager her.
Slik skal du gå fram i møtet med Velledalen IL sine trimpostar:
1. Det er ei friviljug sak om ein vil skrive seg inn. Vil ein ikkje skrive seg inn, let ein trimboka ligge i fred i kassa.
2. Men Velledalen IL er glade for alle som skriv seg inn, og vil at flest mogleg skal gjere det.
3. Skriv inn namnet ditt - leseleg for alle – ikkje berre initialane.
4. Bak namnet ditt set du talet på turar du har til posten. Veit du at du kjem til å gå få turar til posten – og er uaktuell for topp-10 plassering - er talet ikkje så viktig.
5. Men for alle med topp-5 ambisjonar – eller ei topp-10 plassering samanlagt – skal det skrivast tal turar bak namnet kvar gong. Dette gjer det lett å kontrollere at ingen juksar
6. Legg på plass bok og skrivereiskap slik det er klart for neste turgåar.
VIKTIG:
Velledalen IL har ein person som har ført statistikk over trimpostane i ei årrekkje. Dette er ein STOR gratisjobb utan ei krone i kompensasjon. La vedkomande sleppe å leite etter tal og tolke namn.
LA OSS TA EIT EKSEMPEL FOR Å KLARGJERE:
Elling Hole er over 80 år, men er likevel ein potensiell topp-10 mann i samandraget på Velledalen IL sine postar. Elling er i eit normalår innom så godt som alle postane. La oss seie at Elling gjekk 2 turar på Bruna trimpost sist sesong. Har han skrive tal turar bak namnet sitt finn statistikkføraren straks ut kor mange turar Elling har på posten. Skriv han derimot berre namnet sitt (utan tal turar), må statistikk-føraren bla gjennom alle bøkene (gjerne tre i talet) for å finne at Elling Hole hadde 2 turar til Bruna trimpost.
Og når dette gjeld mange personar, vert det eit kolosalt ekstraarbeid for statistikk-føraren