PåskeKonrad: Rekord i deltaking og løpstid

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2022

Velledalen IL arrangerte eit særdeles vellukka PåskeKonrad under optimale forhold Skjærtorsdag. Starten gjekk frå Brunstad klokka 10.00 med sol frå skyfri himmel.
Ikkje uventa vart Njål Torillson Tyssing vinnar på den sterke tida 14.29. Faktisk beste tida som nokon gong er gjort av ein nordmann, då Knut Anders Hatlen si bestetid frå dei offisielle løpa er 14.48. Løyperekorden har ein utøvar frå Eritrea på sterke 13.30.
 -  Tida til Njål er sterk, men ikkje direkte uventa, seier friidrettsleiar AP Bøe til VIL-Nett.
 -  Njål har trass alt klubbrekordane for herrar i VIL på alt frå 5 kilometer til heilmaraton, fortel Bøe.

Nærast Njål kom Anders Wigdahl på gode 15.43, med 18-åringane Andreas (16.09) og Sivert Mosby Nakken (16.52) på dei neste plassane. Fridtjof Fredriksen best av gamlekarane i VIL, medan Hanne Vangen (Stranda) vart beste kvinne på 21.17. Premien for eldste deltakar gjekk til Asgeir Tandstad, medan borna Ingrid Njålsdotter Taubøll og Magnus Njålson Taubøll vart premiert som dei yngste.

DELTAKARLISTE:
14.29: Njål Torillson Tyssing – beste tid av ein nordmann i Konradløypa
15.43: Anders Wigdahl
16.09: Andreas Nakken – fin tid av 18-åringen
16.52: Sivert Nakken
17.46: Leif Sægrov
17.54: Fridtjof Fredriksen
18.23: Bjørn Arve Brune
18.37: Roger Vangen
18.57: Frode Hoprekstad
19.13: Svein Arne Nakken
19.18: Henning Tandstad
19.19: Roger Malvin Hole
20.26: Odd lennart Lien
21.17: Hanne Vangen – beste kvinne
21.42: Jørn Strømmegjerde
21.55: Oda Alette Kjellsbøl Hole
26.59: Asgeir Tandstad
27.07: Siv Vangen
Mosjon: Ingrid Njålsdotter Taubøll
Mosjon: Magnus Njålsson Taubøll
Mosjon: Inger Halldis Kurseth
Mosjon: Elisabeth Taubøll
Mosjon: Ellen Marie Hole
Arrangør: VIL friidrett ved Alf Petter Bøe
Tidtakar: Lars Inge Sæther
Tidtakar Anita Mosby Nakken
Skrivar: Atle Hole

Etter løpet var det utandørs frukost-servering i området Nærbutikken Velledalen. Stor takk til Anita Mosby Nakken for god matservering og til kaffikokar Liv Nordli Hole