VIL-samling og PåskeKonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2022
ONSDAG 13.APRIL KLOKKA 19.00:
Sosial samling i Ungdomshuset Vårvon, Straumgjerde. Mat, drikke, prisutdelingar med meir.
Ein treng ikkje ha prestert noko som helst for å delta. VIL-medlemskap er nok. Påmelding snarast til Henning Tandstad eller Atle Hole.
TORSDAG 14.APRIL KLOKKA 10.00:
PåskeKonrad (4,5 km)
Start frå Nærbutikken i Velledalen klokka 10.00
Her kan ALLE delta i ein uhøgtideleg formtest.
Same løype som det ordinære Konradløpet 1.mai.