Gjensidige stiller på igjen!

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Apr 2022

Gjensidige Sykkylven har inngått avtale som sponsor på Velledalen IL sine profileringskle. Det er ikkje første gong ein kan finne Gjensidige sin logo på klea.

Kasserar Henning Tandstad kan melde at avtalen, i likheit med Tafjord sin, strekk seg over tre år, og er på totalt 15 000 kroner. Alle overdelar kjøpt frå klesleverandøren Trimtex i perioden 2022 til 2024 vil ha Gjensidige sin logo på seg.

"Gjensidige var en av våre første klessponsorar frå den tida vi bestilte SWIX-jakker. Det er blitt nokre år sidan. Når vi kom med den nye modellen jakker for ei par år sidan stilte Gjensidige på på nytt." fortel Tandstad som nyleg fekk den gledelege meldinga frå hr. Kvalvåg i Gjensidige. "Denne gongen vil den lokale støttespelaren Gjensidige sin logo vere å finne på alle overdelar, ikkje berre jakkene."

 Tusen takk til Gjensidige for fornya tillit!