Trimpost-sesongen er halvferdig

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2022

Velledalen IL sin trimpost-sesong går frå oktober til oktober. Med andre ord halvegs til enden i desse dagar. I alt har laget 15 postar. Post-vinnarane vert premierte ved sesongslutt. På grunn av mykje snø – og mykje ruskevêr store delar av vinteren – er det ingen grunn til å tru at inneverande sesong vert mellom dei beste vedkomande post-besøk.

Men her er i alle fall stoda ved trimposten skogsvegen Drabløs halvvegs ut i sesongen:
 1. Annlaug Lervåg 133 turar
 2. Liv Skogvold 49 turar
 3. Kjell Skogvold 18 turar
 4. Lilly Nilsen 16 turar
 5. Petter Hole Drabløs 10 turar
Her er det berre å køyre på. Sjølv om du ikkje har teke laust enno, er sjansane gode for ei topp-5 plassering ved sesongslutt tidleg i oktober.