Ada og Oleanne vinnarar av Konradløp-trekninga

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2022

Konradløpet vert arrangert 1.mai 2022 med start frå Brunstad klokka 05.00 – som i eit normalår. På nettsida vart det lova ei premietrekning mellom alle som melde seg på i løpet av mars månad. Trekninga er no gjennomført med dette resultatet:

Premie under konfirmasjonasalder: Ada Weiberg-Aurdal
Premie over konfirmasjonsalder: Oleanne Hole

Hittil har 46 deltakarar frå tre nasjonar (Polen, Slovakia og Noreg) meldt seg på
Hittil er ingen personar over 80 år påmelde.
Heller ingen med Konrad som føre- eller mellomnamn (som gir gratis deltaking)

PS. Vi gjer merksam på at denne trekninga gjeld BERRE hovudløpet (med start 1.mai 05.00). MiniKonrad vert arrangert 30.april på ettermiddagen. Der er det påmelding i timen før start og premie til alle rett etter målgang.
Vi kjem tilbake med meir info.