To frå Velledalen IL tek trenarkurs i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2022
Arkivfoto
Fleire frå Velledalen IL har gjort unna del 1 av dette kurset. I helga vert del 2 avvikla på Emblem. Der stiller o-leiar Pernille Ibsen Lervåg og Ann-Helen Hole frå Velledalen IL. Dei vil såleis få fullført trenarkurset sitt før sesongen startar for alvor.
VIL-Nett oppmodar fleire til å ta trenarkurs, også i greiner som ski og friidrett er mangelen av utdanna trenarar skrikande på det lokale planet.
Difor: Applaus til dei to som fullfører sitt kurs på Emblem denne helga!