Grasrotkroner: Mars vart rekordmånad med 3714 kroner
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2022
Mars månad vart ein rekordmånad vedkomande grasrotkroner i Velledalen IL. Den gav 3714 kroner frå 107 givarar. Etter tre månadar i 2022 har laget fått 9469 kroner.
Det er tidleg enno, men vi ligg godt føre same tid i rekordåret 2021.
Hittil i 2022 er tala slik:
Januar: 2770 kroner frå 105 givarar
Februar: 2985 kroner frå 106 givarar
Mars: 3714 kroner frå 107 givarar.
107 givarar er det meste vi nokon gong har hatt – greier vi 108 i april….?