Avslutning av skirenn

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mar 2022

Totalt
108 barn og nokre vaksne har delteke minst ett renn, og fleire i dei fleste av
alle 4 renna. I tillegg til renna som var ein del av cupen, vart også Barnas
Fjellsæterrunde og Bygdameisterskap arrangert.

Festen
starta med gode kaker, saft og kaffi. Og medan vi kosa oss med dette, gjekk
loddsalget unna i ein fei! Mange glade barn og foreldre fekk med seg heim ein
eller fleire premiar som var gitt av mange ulike bedrifter og butikkar i
Sykkylven. Vi takker alle som sponsa oss med flotte gåver.

Deltakarpremier
vart delt ut til alle dei dyktige skiløparane. Medhjelparane som har bidrege
til at arrangementet kunne gå så knirkefritt fekk også ei særskild takk.

Mannskapet
frå trakkemaskina,som lager fantastiske skiløyper gjennom heile vinteren, fekk
velfortent stor applaus frå forsamlinga. Vi skuldar dei stor takk for den
framifrå jobben deira, og den positive innstillinga dei alltid har til å gjere
sitt beste for oss!

Til
slutt: Tusen takk til alle som kom på fjellet og deltok i Telenor
Fjellsætercup! Dokke gjorde sesongen til ei stor og kjekk oppleving, etter to
år med korona og lite aktivitet. Vi håpar å sjå alle og endå fleire i neste
sesong. Vi gler oss allereie!