Ove Inge held fram som VIL-leiar

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2022

Året 2021 vart for Velledalen IL sin del – og alle andre – prega av den landsomfattande pandemien. Dette hindra ikkje Velledalen IL å gå med eit pent overskot (19 000 kroner).
Den sportslege aktiviteten var heller ikkje å kimse av. May Evy Nesheim sette ny klubbrekord på halvmaraton for kvinner, medan Njål Torillson Tyssing sette heile tre nye klubbrekordar; på 10 km, halvmaraton og heilmaraton.
Fleire arrangement vart avlyste, men Tomasløpet, MiniKonrad og Førjulsmessa vart arrangerte. 2021 var dessutan året der Dalemyra grasbane sitt 50 års jubileum vart markert.

Årsmøtet var ikkje prega av dei heilt store sakene denne gongen.
Desse skal leie laget i 2022-sesongen:
Ove Inge Skylstad (leiar)
Henning Tandstad
Håkon Fedt
Anita Mosby Nakken
Cecilie Naustenget
Kristine Svenning
Atle Hole

Gruppeleiarar:
Trim: Bjørg Frøystad Hole
Ski Nordisk: Svein Arne Nakken
Friidrett: Alf Petter Bøe
Orientering: Pernille Ibsen Lervåg
Idrettskule: Torild Hole