Velledalen IL sin Idrettsgalla vert onsdag 13.april – i påskeveka
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2022
Arkivfoto
Arrangementet har vore tillyst tidlegare, men vart korona-stogga. Men no blir det. Nærare bestemt onsdag i påskeveka – 13.april - i ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde.
Arrangementet er ope for alle VIL-medlem og sympatisørar.
Vi kjem tilbake med eksakt tidspunkt seinare, men sett av kvelden.
Velledalen IL byr på ei gild sosial samling med mat og drikke, prisutdelingar og foto frå idrettsåret 2021.
Grunna innkjøp av mat må dei som vil vere saman med oss dette kvelden melde seg på.
Det kan gjerast til :
Henning Tandstad (415 11 242)
Atle Hole (atlehole@online.no – 917 43 761)
PS. Gildet kostar kr 100 per vaksen person.