TeleNor/FjellsæterCup: Flytting av renn fram til 23.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Mar 2022
Fjerde rennet i TeleNor/FjellsæteCup som var terminfesta til torsdag 24.mars, er flytta fram til onsdag 23.mars
Årsak: Det er meldt ein god del nedbør på torsdag, men ikkje onsdag.
Leiar i VIL-langrenn, Svein Arne Nakken, har sendt oss fylgjande fakta om rennet onsdag 23.mars:
PÅMELDING: Frå klokka 17.15
START: Frå klokka 18.00 og utover
SENIORSTART: Om lag klokka 19.00
Velledalen IL håper rett mange nyttar seg av tilbodet!