Andreas Goksøyr tippa best – vann VIL-cap

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2022

Det skulle tippast tid på Velledalen IL sin friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, under Ålesund Vintermaraton. Løpet gjekk sundag 6.mars og distansen var halvmaraton.
Alf Petter går i sitt 55.år, men spring som ei klokke. 1.27.24 er ei særs god tid av ein menn i hans alder. Så god at han vart klassevinnar i 55-59 år.

Det kom inn i overkant av 20 tips, mange av dei imponerande gode. Her er dei to beste:
1.27.30: Andreas Goksøyr – seks sekund frå rett tid.
1.27.14: Jan Halvard Holmøy – ti sekund frå rett tid.

Altså var det Andreas Goksøyr som stakk av med premien denne gongen.
Gratulerer til han og takk til alle deltakarane!