Simo-Hilde jubilerar
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2022
Arkivfoto
Hilde Riksheim Tandstad kjem frå ein familie som alle har ein imponerande idretts-CV. Ho er dotter av Inger Anne, som var heilt i toppen i langrenn på fylkesnivå med mange KM-titlar. I tillegg var ho ein veldig god halvmaratonløpar, også for Velledalen IL. I tillegg var ho midtbanespelar for VRF. Geir Steinar som volleyballspelar for KFUM Volda. Ja, til og med landslagsspelar var han! Han hadde og gode talent for fotball. Broren Vegard har og ei forhistorie innan fotball, men er i dag aktiv løpar for Velledalen IL.
Hilde hadde sine beste idrettsår i Velledalen IL i perioden 2007 til 2012, altså i alderen 15 til 20 år. Ho vart beste kvinne i Konradløpet i 2007, 2008, 2009 og 2010. Bestetida hennar er 18.46. Den sette ho som 15-åring i 2007, seinare kopiert i 2010. Ho gjekk eitt av åra sine på vidaregåande skule i Tingvoll, for å få trenar-kapasiteten Magne Wullum som løpstrenar.
Hilde tok fem KM-titlar for Velledalen IL i perioden 2009-2012 på desse distansane:
800 meter innandørs kl J 16-17 i 2009
Femkamp kl J 16-17 i 2009
400 meter kl J 18-19 i 2010
800 meter kl J 18-19 i 2010
400 meter kvinner junior i 2012
Hilde er for tida busett i Tromsø med fine mulegheiter for å halde forma ved like. Her går det i trening og toppturar sommar og vinter, i tillegg til feltarbeid gjennom biolog-jobben. Ho er enno til tider å finne i startlistene i løp, og vi trur ikkje siste ord er sagt frå Hilde.
Vi må slenge på at ho er kjend for sin rungande, hjartelege latter og sitt smittande humør. Rett og slett ei godtaus vi set stor pris på!
Gratulerer med dagen, Hilde!