Helgakonkurranse: Kor lang tid brukar AP BØE i morgon…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2022
arkivfoto
Ålesund Vintermaraton vart altså arrangert sundag 6.mars. Distansane er 5 km med og utan tidtaking, halvmaraton og heilmaraton. Laurdag 5 mars klokka 12.00 hadde Velledalen IL fem påmelde. Alle på halvmaraton dei fem er:
Alf Petter Bøe (55-59 år)
Per Inge Bjørnestad (50-54 år)
Frode Mauren (45-49 år)
Sivert Mosby Nakken (18-19 år)
Andreas Mosby Nakken (18-19 år)
Om nokon går inn på deltakarlista vil ein også finne Fridtjof Fredriksen sitt namn. Men han tuskar for tida i Sverige saman med Svein Arne Nakken og Geir Verpeide, og vil såleis ikkje bli å sjå i Ålesund denne helga.
Spørsmålet i helgakonkurransen lyder slik:
Kva vert slutt-tida til VIL sin eldstemann, Alf Petter Bøe, under løpet i morgon…?
Som hjelp nemner vi at Alf Petter sprang under 1 time og 30 minutt i sine to siste løp på distansen i 2021
PREMIE: VIL-CAP i valfri farge til den som kjem nærast
SVAR TIL:
E-post: atlehole@online.no
SMS: 91743761
Eller legg ut svaret ditt i kommentar-feltet på VIL-Facebook
Velledalen IL ynskjer alle som skal i aksjon for klubben hell og lukke under løpet
Slå VIL-Nett for resultat sundag kveld