Saka om VRF sitt smågutelag frå 1962 har løyst seg
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2022
Det starta med at Johan S.Grebstad (Bolla) kom med ein del namn han meinte måtte ha spela på VRF sitt smågutelag i 1962. Laget som mangla eitt einsleg mål på å bli KM-vinnar, noko ÅFK vart etter å ha spela 1-1 mot VRF i sluttspelet. Bolla meinte Hallvard Langeland, Halvard Erstad eller Frode Frisvold var namn som kunne kontaktast om saka. Vi starta med Frode Frisvold, noko som viste seg å vere eit lukkeleg val. For han hadde nemleg skrive ein artikkel i boka «Senti Over – Barndomsminne frå Sykkylven – 1900 til 2000.»
Her skriv Frisvold om mangt og mykje. Mellom anna at dei hadde tre løkkelag. Laget «Lyn» på Bergane/Straume, «Falk» oppe på Bakkane, og «Kjapp» frå Straumsheim og Riksheimgjerdet.
Vidare skriv han om VRF på denne tida:
- VRF var ein institusjon i seg sjølv i kulturlivet. Kampane gjekk søndag klokka 13, og lagoppstillinga vart hengt opp på stolpane fredag. Det var gode år med stor interesse og jamn framgang, midt på 60-talet tok laget steget opp og kjempa jamne kampar i divisjon med Molde og AaFK. Akkurat som Lars Kornberg var driblekongen og «målmaskina», var han Astrup (Olsen) den store manageren i klubben. Han var i årevis med i styret i fotballkretsen og hadde innflytelse og nytte respekt over alt. Oppstod det eit eller anna problem for klubben, kom det på umiskjenneleg åleundsdialekt frå demmagutten Astrup at «Dem ska høre frå oss!»
Vidare skriv Frode Frisvold om deltaking i Sunnmørsposten sin Gutteklubb-cup under namnet Straumskameratane – truleg i 1963. Der karane på fotoet tapte semifinalen etter straffespark-konkurranse. Og dette var truleg så godt som identisk med karane som NESTEN vart KM-vinnarar i småguteklassa for VRF i 1962. Her er namna:
Bak frå v: Kjell Skogvold, Kjell Hellevik, Tor Skinnes, Jon Brunstad, Egil Lade og Bjarne Alnes
Framme frå v: Hallvard Langeland, Halvard Erstad, Bjarte Flo, Per Straumsheim, Frode Frisvold og Egil Brunstad.
Tre av spelarane på dette laget – Kjell Hellevik, Bjarne Alnes og Halvard Erstad – vart dugande A-spelarar for VRF i seinare år.
Og fleire av dei andre kunne sikkert vorte det, om rette viljen var der….
Uansett stor takk til Johan S. Grebstad og Frode Frisvold!
PS. Kom gjerne med fleire namn på 1962-spelarar om slike finst!