Tre frå Velledalen IL til eventyret i Rondane
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Feb 2022
Arkivfoto
Onsdag 16.februar klokka 15.00 hadde rennet på Kvamsfjellet 379 påmelde – alle distansar og klasser medrekna. Rennet har tre distansar, 45 km 20 km og tolv kilometer.
Rennet over 45 kilometer tel som seedingsrenn til andre store turrenn
Velledalen IL sin trio i rennet er:
Irene Mork, 20 km trimklasse
Fridtjof Fredriksen, 45 km i klasse M55-59
Svein Arne Nakken 45 km i klasse M55-59
Andre sunmøringar i rennet:
Kjell Vidar Flisnes, Emblem IL, M 65-69
Bjørn Lundanes, Emblem IL, M 25-29
Pål Espen Nes, Engesetdal IL, M 45-49
Harald Starheim, Valldal IL, M 65-69
Geir Verpeide, Stranda IL, M 60-64
Rennet går altså laurdag 19.februar. Truleg er det enno mogleg å melde seg på.
Korleis VIL-løparane greier seg, finn ein på nettsida til Velledalen IL laurdag kveld.