Velledalen IL viser løpskraft i Ålesund 6.mars
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2022
6.mars vil Velledalen IL ganske så sikkert markere seg i Ålesund. Då vert Ålesund Vintermaraton arrangert. Eit erstatningsløp for Ålesund Nyttårsmaraton som vart stansa av covid i romjula.
Programmet den 6.mars ser slik ut:
11.00: Start maraton
13.00: Start barneløp – påmelding til: janjetil68@gmail.com
14.00: Start halvmaraton
14.15: start 5 km
Som ein ser; her kan dei fleste delta.
I skrivande stund har 54 utøvarar meldt seg på. Fem av dei representerer Velledalen IL:
Fridtjof Fredriksen – halvmaraton
Alf Petter Bøe – halvmaraton
Frode Mauren – halvmaraton
Andreas Mosby Nakken – halvmaraton
Sivert Mosby Nakken – halvmaraton
Det er venta fleire påmeldingar frå Velledalen IL
Arrangør av løpet den 6.mars er «Ålesund Løpevenner» ved Jan Ketil Vinnes (to gonger vinnar av Konradløpet)