60 års minne: Kven spela på VRF sitt gode smågutelag i 1962
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Feb 2022
Arkivfoto
Smågutelaget 1962.
Vi byrjar med dei yngste. Etter eit seriespel med berre tre lag, stod VRF som avdelingsvinnar. Laget vann begge kampane mot Stranda IL og begge mot
Sykkylven IL.
Det gav siger i avdeling «indre» med 8 poeng og 16-3 i målskilnad etter fire kampar. Vel og bra, men ikkje særleg motstand. Laget var no klare for ein «finaleserie» mot dei to andre avdelingsvinnarane på Sunnmøre, som dette året var Langevåg IL og AaFK. Enkel serie, altså ein kamp mot kvar. Oppsettet gav VRF heimekamp mot AaFK og bortekamp mot Langevåg. Dei tre kampane enda slik:
VRF – AaFK 1-1
Langevåg – VRF 0-1
AaFK – Langevåg 3-1
Det gav denne tabellen:
1. AaFK 3 poeng, 4-2 i målskilnad
2. VRF 3 poeng, 2-1 i målskilnad
3. Langevåg 0 poeng, 2-4 i målskilnad
Med andre ord; VRF var på høgde med dei beste på Sunnmøre i smågute-alder i 1962. Om nokon veit kven som spela på dette gode laget, vil vi svært gjerne ha namn. Mest truleg er det snakk om gutar fødde i 1948 og 1949, eller der omkring.
NM-cupen
VRF var etter innsatsen i 1961, kvalifiserte til deltaking i NM-cupen året etter. Laget måtte spele kvalifiserande runde, med heimekamp mot Harøy. Resultat 5-1 til VRF. Trekninga til 1. ordinære runde vart verre. Bortekamp mot Hødd, som i 1962 var Sunnmøre sitt beste lag, to divisjonar over VRF. Resultat: 5-0 til Hødd
Einar Fet på juniorkretslaget
Einar Fet vart 18 år sommaren 1962. Han kjempa seg inn i troppen til Sunnmøre sitt junior-kretslag. Dei slo Romsdal 2-1 og Nordmøre 2-0. Med dei resultata var dei kvalifiserte for sommar-turneringa i Horten. Her gjekk det ikkje like bra. Resultat:
Sunnmøre – Østfold 1-3
Sunnmøre – Rogaland 1-2
Sunnmøre – Drammen 1-2
Sunnmøre – Oppland 2-1 (jumbofinalen)
Ikkje topp-resultat, men heilt sikkert lærerikt for 18-åring frå Jo-garden på Fet
Tre VRF-spelarar på Bygd sitt lag mot By
29.juni 1962 vart den årvisse BY-BYGD-kampen spela. Astrup Olsen sat som varamann i komitéen «UK for senior», og hadde såleis «innspelsrett» til laguttaka.
Her er BYGD sitt lag: (kampen enda 2-2)
Johan Svindseth, VRF
Bård Erstad, VRF – 19 år
Eldar Andersen, Langevåg
Hallbjørn Hasund, Hødd
Asbjørn Raknes, Langevåg
Jon Gjerde, Hødd
Per Vidar Sandvik, Langevåg
Lars Kornberg, VRF
Magne Fylling, Langevåg,
Kjetil Hasund, Hødd
Arnfinn Rudi, Langevåg
Duell mellom VRF og Herd.
Seriespelet dette året vart tett. Med tolv lag i divisjonen vart det spela 22 kampar dette året. Det var uvanleg mykje. Det vanleg var åtte lag i kvar divisjon, som gav 14 seriekampar. VRF drog lengste strået i 3.divisjon i 1962 etter ein tett duell mot Herd.
Her er slutt-tabellen:
38 poeng: VRF (77-22 i målskilnad)
37 poeng: Herd (82-21)
34 poeng: Rollon (59-23)
26 poeng: Ørsta (64-36)
26 poeng: Spjelkavik (66-40)
21 poeng: Sykkylven (50-50)
18 poeng: Aksla
16 poeng: Volda
13 poeng: Stordal (21-58)
13 poeng: Hovdebygda (33-74)
12 poeng: Brattvåg
10 poeng: Bergsøy
Opprykkskampar til Landsdelsserien
VRF vann altså øvste kretsserie i 1962, som gav rett til kvalifiseringskampar om opprykk til Landsdelsserien (Fylkesseie).
Her skulle VRF møte vinnaren på Nordmøre (Dahle) og vinnaren i Romsdal (Traff). Her opna VRF med forferdelege 0-2 heime mot Dahle. Då hjelpte det lite at dei greidde heiderlege 2-2 borte mot Træff. Opprykket var spolert.
Kven spela på VRF i 1962….?
Det heng ein diplom i Velledalen grendahus, med namna på dei elleve spelarane med flest kampar dette året. Dei er:
Johan Svindseth
Svein Lien
Odd Kåre Fet
Lars Erstad
Ole Fausa
Bård Erstad
Einar Fet
Per Svarstad
Bjarne Tandstad
Lars Kornberg
Johan S. Grebstad
Mange fleire var nok med og bidrog til ein god sesong. Vi vil svært gjerne ha fleire namn. Legg merke til fire unge spelarar i Bolla, Odd-Kåre, Bård og Einar. Alle fire mellom 18-21 år. Dei øvrige på laget meir modne menn.
VRF sine dommarar i 1962
Sykkylven kommune hadde to kretsdommarar i 1962. Det var Norvald Sjåstad, Sykkylven IL, og Jon Hjortdal, VRF
Aspirantar seniorfotball: Gerhard Jørgensen, Stranda IL, Elling Korsbrekke, Odd Strømmegjerde og Jostein Strømmegjerde, alle VRF
Aspirantar for junior- og guteserien: Svein Eidem, Knut Enstad og Leif Ludviksen, alle Sykkylven IL.
Teksten som her er skriven, er komen til med god hjelp av Årsrapporten til Sunnmøre Fotballkrets frå 1962. 60 år er lang tid.
Men vi er visse på at det finst personar som hugsar noko frå denne tida. Vi set pris på om dei vil dele minna med oss andre.
På dette tidspunktet var VRF som klubb 10 år.
Posisjonen deira mellom laga på Sunnmøre var sterk – faktisk den 5.beste klubben.
1. Hødd (to divisjonar over)
2. Landsdelserielag: AaFK, Langevåg og Skarbøvik
3. Så dei beste i 3. divisjon med VRF som best, føre Herd og Rollon.
Om nokon stussa over at alle spelarane på BYGD sitt lag kom frå Hødd, Langevåg og VRF, så finn de forklaringa i linene over.