May Evy vinn om ho fullfører
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2022
Vinterkarusellen på Hareid tel i alt fire løp.
To før jul, to etter.
Det siste vert arrangert laurdag 5.februar. Løypa er lik kvar gong – rundt Grimstadvatnet – kring 7,8 kilometer.
Velledalen IL har hatt to utøvarar som har satsa litt på denne karusellen som førebuing til 2022-sesongen. Det er Frode Mauren og May Evy Nesheim. Dei har delteke i alle dei tre tidlegare arrangerte løpa.
Vinterkarusellen på Hareid har eit meir «føre-seggjort» opplegg enn tilsvarande karusell i Ålesund. Hareid IL har nemleg ei samanlagt-tevling, både for menn og kvinner. Der tre av fire løp tel. Med tre 2.plassar hittil (på tre startar), er det ingen på kvinnesida som kan slå May Evy samanlagt, om ho fullfører siste løpet, vel å merke. Då får ho nemleg dei bonuspoenga som vert gitt til alle som fullfører fire av fire løp.
Frode kan ikkje bli samanlagtvinnar på herresida, men kan få ei sterk plassering. Mest truleg nummer fire eller fem samanlagt. Med eit knall-løp i morgon kan han snuse på tredje plassen.
Nett-sida ynskjer alle VIL-løparar på Hareid i morgon hell og lukke.
Resultat kjem etter løpet