Nye capsar på lager!
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2022
VIL-capsar i flotte fargar-Vi går tilbake til hausten 2010. Per Svein Fet er å finne i "Topp 5"-lista for Høgsætra med ni turar - ein tur mindre enn dei to som den delte førsteplassen, Helen og Ole Jostein Fet. Den gong som no var paret med å kjempa om topp-plasseringane. Som saudebønder er det naturleg å gå ein del på denne posten under beitesesongen.
Men påfølgande sesong var ein heilt anna. I kalenderåret 2011 hadde nemleg Per Svein lyst å slå eit slag for den lokale trimposten. Så når bøkene vart bytta i oktober kunne statistikkføraren på Hole igjen notere Helen og Ole Jostein på lista. Så ein nykommar på i William Meldrum med sju turar. Det hadde mange gongar vore nok for å vinne posten. Men sju trurar var ei smal sak for Per Svein som hadde skrive seg inn heile 51 turar gjennom sesongen - noko som er rekord for trimposten på Høgsætra!
Ikkje nok med det - sidan Per Svein sitt mål var å gå mest muleg på eit kalenderår, vann han sesongen etter i same slengen - då med 17 noteringar. Til slutt gjorde han eit comeback i sesongen 2015-2016 og vann posten med 12 turar.
Capsen fekk han som ei markering for innsatsen han gjorde for den lokale posten, og for at han betalte støttemedlemskap i år, 10 år etter.
Han fekk sjølv velge farge på capsen - men det var ikkje enkelt. "Eg må kjøpe ein ny eller to om litt, så eg har nokon eg ikkje er redd for å bruke. Denne som eg fekk i gåve blir nok brukt berre til beste." Han set uansett pris på å kunne handle kvalitetscapsar lokalt, i staden for å tinge med Fjøssystemer eller Fåvang Sag slik han har gjort tidlegare.
PS: Har du lyst på caps? Då gjer du lurt å vere medlem i Velledalen IL. Medlemar har no og då mulegheit til å vere med i konkurransar der capsane vil vere ein del av premiesortimentet. Treng du den allereie no, ta kontakt med Henning Tandstad for å kjøpe. (Medlemspris 200,-)
Capsane er tinga lokalt hjå Mali Profil.