1965: Dramaet VRF-Rollon.
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Feb 2022
VRF 1965
Ja, faktisk har det i 2022 gått 70 år sidan den fotballgruppene i krinsane Tandstad og Velledalen slo seg saman. Eit lag som etter litt tid fekk namnet Velledalen og Ringen Fotballag. Alt var ikkje like bra her heller, men vi er visse på at alle frå desse to krinsane med kunnskap om lokal fotball, vil kalle samanslåinga ein suksess.
I dag skal vi hoppe elegant fram til året 1965. Eit av dei mest suksessfulle av dei 70 åra. VRF sitt A-lag spela i 4.divisjon. Som på denne tida var øvste krinsserie på Sunnmøre. Dei sportslege prestasjonane i 1964 gjorde at laget fekk delta i NM-cupen.
Her gjekk det slik:
1.kval.runde: Sandane – VRF 1-3
2.kval.runde: VRF – Rollon 1-1 e.e.omg
Omkamp: Rollon – VRF 2-3
1.runde: VRF – Herd 1-3
Og Herd var ikkje smågutar på denne tida. Dei vann 3.div avd. Møre med 24 poeng på 14.kampar. På dei neste plassane kom Molde (21 poeng) og AaFK (20) i dag eliteserie-klubbar.
Desse laga spela i 4.divisjon Sunnmøre i 1965:
Blindheim
Rollon
Spjelkavik
Stordal
Sykkylven
Valder
VRF
Ørsta
Her var Stordal og Blindheim dei fremste dumpe-kandidatane, medan Rollon og VRF hadde lågast odds i kampen om KM-tittelen.
Litt andre fakta henta frå Sunnmøre Fotballkrins sin årsrapport i 1965:
· Jon Hjortdal, VRF, varamann til arbeidsutvalet i dommarkomitéen
· Astrup Olsen, VRF, varamann til Uttaks-komité for senior
· Einar Eliassen, Sykkylven IL, medlem i uttaks-komité for junior
· Einar Eliassen, Sykkylven IL, varamann til Sunnmøre Fotballkrets sitt styre
· Finn Bakke, Sykkylven IL, einaste spelar frå Sykkylven kommune då Sunnmøre sitt juniorkretslag tapte 3-1 mot Romsdal
· Hundeidvik IL vart nummer fem (av 6) i 6.divisjon avd. B, med sju poeng etter 10 kampar
· Johan Svindseth og Lars Kornberg spela på Bygd sitt lag i kampen mot By. Resultat 1-4
· Ein ung Bård Erstad var reserve. Einar Fet var soldat i nord dette året og såleis ikkje aktuell.
Seriefinalen.
Terminlista var sett opp slik at VRF møtte Rollon borte våren og heime hausten. Kampane utover i sesongen enda slik at haustkampen VRF-Rollon vart ein rein ein seriefinale i nest siste serierunde. Før kampen på Slettegjerde hadde Rollon 22 poeng, VRF 21. Stemninga var upåklageleg langs sidelinene på Slettegjerde den 11. september. Sitat Sunnmørsposten:
« Det var stemning av høgste klasse på Straumgjerde laurdagskvelden. Alt på vegen opp til stadion vart vi møtt med plakatar med «VRF skal vinne!» Og rundt grasdekket var det samla seg heiagjengar med plakatar på brystet og på høge stenger. Mellom desse blanda så den sterke Rollon-troppa seg med sine «Nisseshow og cha-cha-cha! Velledalen skal vi ta! Rollon, Rollon, Rollon!» Opptakta til toppmøtet i 4.divisjon var med andre ord den beste»
Smp skriv vidare: «Kampen baud på all den spaning og dramatikk eit toppmøte skal by på. Det var full innsats frå avspark til dommar Reidar Nilsen, Herd, bles for full tid og jubelbruset steig mot sky. Kampen vart aldri reinspela, og vi kan ikkje fri oss frå å skrive at det ofte vart synt både ureine taklingar og stygge etterslengar. Det var tydeleg å sjå at det stod om viktige seriepoeng for begge lag».
VRF vann kampen 2-1, etter mål av Lars Kornberg pluss eit sjølvmål, og fekk dermed revansje for vårtapet i Ålesund. Med ein runde att var VRF i føringa på tabellen med eitt poeng. I siste runde skulle VRF ha bortekamp mot nedrykksklare Blindheim, medan Rollon hadde bortekamp mot langt sterkare Ørsta.
PROTEST:
Men så skulle det vise seg at siste ord i kampen VRF-Rollon ikkje var sagt. Rollon la inn protest mot Einar Fet sin «spilleberettigelse» i kampen. Bylaget meinte at Einar sin overgang frå Bodø/Glimt tilbake til VRF etter avslutta militærteneste ikkje var i orden. Vi kan love at det vart ei veke med mykje «styr» i Velledalen og Straumgjerde. Heller ikkje rart sidan kretsformannen i Sunnmøre Fotballkrets kom frå Rollon (Rolf O. Larssen). Det same gjorde VRF sin primus motor på leiarsida, Astrup Olsen, som aldri løynde at han var «Rollon-gutt» av opphav.
Lagnaden til Rollon sin protest kjem i neste artikkel.