Fargeklatt fyller 56 år 28.januar
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2022
Fotoet er henta frå ein haust-laurdag i 1989. Av den då 23 år gamle Svein Arne Nakken og den litt eldre Sverre Roger Langhaug. Sverre Roger var hyra inn som «servitør» denne dagen. Og serveringa var det Svein som skulle ha. Vi ser Sverre R. held ei av VRF sine drikkeflasker i handa. Han er elles korrekt kledd slik det sømde seg ein slik dag, med VRF sin overtrekksgenser, og på hovudet; ei slitesterk VRF-«hue» frå seint 70-tal. Rett nok bak-fram.
Svein er litt mindre stilrein i antrekket. Men vi legg merke til ski-hanskar, som kan tyde på at dagen var relativt kjøleg. På hovudet har han klubbhuva til Velledalen IL – 1980 modellen - medan han ber ei VRF-speletrøye på overkroppen. Ei trøye av ikkje heilt ny årgang sidan sponsoren på brystet er ein frisørsalong i Ålesund. Ein sponsor Per Rich Hunstad skaffa då han var VRF-trenar i 1981.
Fotoet er mest truleg teke på Stranda, sidan dei ser så fine og truskuldige ut. Men uansett; dette var ein springetur Svein Arne Nakken gjorde – frå Stranda til Aure sentrum i Sykkylven – i pur glede over eit VRF-opprykk frå nest lågaste kretsserie (der Sykkylven IL er i dag) til det tredje lågaste nivået som den gong var 5.divisjon (med Gisle Erstad som trenar). Og dette vart opptakta til ein ny sterk VRF-periode frå litt ut på 1990-talet.
Elles treng ikkje Svein Arne Nakken nokon finkorna presentasjon i heimbygda. Alle kjenner han. Den prinsippfaste. At VIL-Nett skriv om han skulle berre mangle. Han er laget sin langrennsleiar i snart ein mannsalder og han er æresmedlem i Velledalen IL, den fyrste frå Tandstad krins. Han likar stunt, alt som kan målast i kilometer, minutt og sekund, sauer, kvinnfolk, nynorsk, lokale skiløyper, skuleverket, Vasaloppet, Birken, dei nye karbonskoa sine, heimbygda, ein rusfri livsstil og Hødd.
Gratulerer med 56 års dagen, Svein Arne!