Nytt frå friidrettsgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jan 2022
Like før jul 2021 betalte Velledalen IL startkontingenten til alle VIL-medlem i andre løpet i Ålesund Vinterkarusell. Det vart stor suksess. Så vellukka at friidrettsleiaren har tre nye med gratis deltaking klare for 2022-sesongen.
Det gjeld fylgjande løp:
·
Eitt av løpa i Ålesund Sommarkarusell – truleg juli-løpet
·
KM i halv- og heilmaraton på Hareid 20. august
·
Hytteplanmila på Austlandet på seinhausten 2022
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe trur Velledalen IL kjem til å markere seg sterkt alle stadane:
-
Sjølvsagt kostar dette pengar og vi må formelt ha ei styregodkjenning. Men det herskar ingen tvil om at dette er ein fornuftig bruk av klubbpengar, seier Bøe, og fortel VIL-Nett at gratis deltaking under vinterkarusellen like før jul kosta klubben knappe 3000 kroner.
Det er elles verdt å merke seg at born får dekt startkontingenten i alle konkurransar
...