Ny sesong med idrettsskule i gong

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jan 2022

Arkivfoto
Om lag 40 born er med på idrettsskulen som går føre seg kvar torsdag ettermiddag. Idrettsskulen til VIL er eit lågterskeltilbod utan fokus på prestasjonar for born som er mellom 5-8 år (førskule-3.klasse). Målet er at alle skal oppleve rørsleglede samstundes som dei har det kjekt i lag. Vi ynskjer i tillegg at dei skal få ta del i ulike aktivitetar gjennom året.


 I går var første dag med idrettsskule i 2022. Nokon nye deltakarar og nokon som har vore med tidligare møttast på grusbana ved Dalemyra og hadde ulike bli kjent- aktivitetar, leikar og til slutt aking i snøen. Ein kjekk start på eit nytt idrettsskuleår.



Ann-Helen er for tida ute i foreldrepremisjon, og vi har fått med oss Ane Drabløs Denton og Pernille Ibsen Lervåg som instruktørar. No ventar ein periode på fjellet med ski som tema. Vi håper at snøen blir liggande lenge og kryssar fingrane for gode skiforhold.