Nytt løp i vinterkarusellen i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2022
arkivfoto
Påmeldinga er i gang til tredje løpet i Ålesund Vinterkarusell laurdag 22.januar. Men torsdag kveld klokka 22.00 stod berre seks namn på lista. Mellom dei Velledalen IL sin friidrettsleiar, Alf Petter Bøe.
Vi har hatt vår del av ringt vêr siste tida, men til løps-dagen er faktisk meldingane gode. Skal vi tru Yr.no vert veret slik i Spjelkavik klokka 14.oo:
Lett bris frå sør, opphaldsvêr og seks plussgrader. Klokka 15.00 stig temperaturen til sju grader.
Distansane er som før valfrie; fem eller ti kilometer. Begge med start klokka 14.00
Velledalen IL håper at mange frå klubben melder seg på