Prisar for flest VIL-startar i 2021
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2022
arkivfoto
Aktiviteten har naturleg nok vore mykje redusert i 2021 grunna covid, men likevel har det blitt arrangert ganske så mange løp rundt omkring i kongeriket. Dei to VIL-utøvarane som siste året har brukt mest kronasje i startpengar, er truleg May Evy Nesheim og Frode Mauren. Begge godt vaksne, i klasse 45-49 år. Juryen har funne at desse to deltakarane har gjort flest startar for Velledalen IL i kalenderåret 2021, og såleis fortener pris. Eit anna fellestrekk med Frode og May Evy er at begge er sterke i dyrkinga av Velledalen IL sin klubbprofil, gjennom bruk av klubbklede kvar gong dei er i aksjon. VIL-gjengen har generelt vorte mykje flinkare på dette feltet siste året.
Elles nemner vi:
May Evy:
Vunne fleire av karusell-løpa i Ålesund, klassevinnar i Mefjellet Opp og Nibbeløpet. Nummer to i Melshornløpet og nummer tre i Skåla Opp. Sette ny klubbrekord på halvmaraton for Velledalen IL i Gloppen med 1.37.44. Vunne pengepremiar ved fleire høve og sett ei rekkje nye personlege rekordar.
Frode:
Har 10 km-løp som spesialitet. Sette her ny personleg rekord i november 2021 med tida 37.16. Har siste året (2021) fem klassesigrar på distansen i karusell-løp i Ålesund. Vart nummer to i Valderløpet, og nummer tre på halvmaraton under Ålesund Maraton (1.25.38) hausten 2021. Har gjennom sesongen stabilisert seg kring 1.25.00 på halvmaraton. Mangla eitt sekund på tangering av personleg bestetid på distansen i Gloppen.
Juryen melder om to verdige vinnarar – og lett jobb med tildelinga av «Flest VIL-Startar Prisen» for 2021.