Vert trekt tre premiar på VIL-medlemskap
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jan 2022
Kasserar i Velledalen IL, Henning Tandstad, opplyser at svært mange betalar medlemskontingent i Velledalen IL alt i januar månad.
- Ja, så mange gjer det at vi deler ut tre premiar i starten av februar. Siste innbetalingsfrist for å vere med i trekninga er 31.januar. Produkta ein kan vinne kjem frå Nærbutikken i Velledalen og Frøysagarden i Ramstaddalen, fortel VIL-kasseraren
Medlemssatsane er 100(born), 200 (vaksne) og 400 (familie inntil to born, deretter kr 100,- i tillegg for born utover to.
Støttemedlemskap: Frivilleg sum – merk støttemedlem
Betalingsalternativ:
VIPPS – NR: 100921
Kontonummer: 4045. 10. 23537