«Presse- og Langarprisen» er ein heilt ny pris i 2021
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2022
Prisvinnarane har samla mannskapet sitt. Susan bat t.v og Anita bak t.h
Skal ein få «Presse- og Langarprisen» for 2021, må ein ha jobba på minst to felt:
1.
Ein må ha levert stoff (helst foto) til laget si nettside/facebook-side frå arrangement der VIL-løparar har vore i aksjon.
2.
Ein må ha levert drikke til VIL-løparar i fart under løp – på fagspråket kalla «langing».
Dette er ein særs uvanleg kombinasjon, då personar som leverer journalistisk stoff helst skal vere uhilda på alle felt. Men slik er det ikkje i Velledalen IL. Vi har ei nettside – som vert omtala som solid av folk utanom laget - fordi personar som Susan Gjerde og Anita Mosby Nakken sender inn maaaaange foto i løpet av eit kalenderår. Foto av VIL-løparar som gjer det godt…. Eller somme tider mindre bra. På «langing» vert Velledalen IL rekna som beste klubben på Sunnmøre, fordi personar som Susan Gjerde, Anita Mosby Nakken – og andre, kan faget. Her kan ein ikkje ligge i ei grøft og vente, og tukle med flaskene når løparane kjem. Nei, her må ein vere på tå hev, ha rette flaska klar, servere under fart, og hanke flaska inn at utan at den dett i vegen og vert skiten, etter at utøvaren har fått i seg nokre dråpar.
Så – om nødvendig - fylle den opp att, klar til neste servering.
Slike personar har Velledalen IL. To av dei er Susan Gjerde og Anita Mosby Nakken. Og det er ei glede for juryen å kunne dele ut «Presse – og Langarprisen 2021» til nettopp Susan og Anita. Dette kan høyrest enkelt ut tenkjer du. Eg kan få pris i Velledalen IL om eg kan sende nokre foto, eller gi drikke til løparar…. Så enkelt er det ikkje. Prisvinnarane gjer nemleg begge deler - i same løp.
Gratulerer til Susan og Anita!