Velledalen IL deler ut tre stunt-prisar i 2021
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2022
Siste åra har det vore nokså vanleg at VIL-medlem har utført ulike «stunt» i løpet av eit kalenderår. Slik også i 2021. Dei tre juryen har plukka ut siste året er:
·
Bjørn Arve Brune: Tok alle trimpostane på same tur. Langt og tungt for folk flest, men relativt overkomeleg for ein topptrena mann i siste halvdel av 50-åra
·
Radka Vosicka: Sykla frå Sykkylven til Tsjekkia. Radka sykla like godt heim att – ein laaang tur som hardhausen fortener pris for.
·
Svein Arne Nakken: Langrennsleiaren gjorde «årets mediestunt» med symjeturen over Storfjorden. I alle fall fekk han breiare dekning i Nyss enn dei største «VIL-stjernene» – med Njål og Constantin i spissen – har fått tilsaman gjennom heile året.