«Tenåringsprisen» - delt mellom Sivert og Andreas

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2022

Stort sett driv tvillingparet Sivert og Andreas Mosby Nakken med løp. Og det er som løparar dei får pris. Men dei har også i 2021 vore innom orientering på konkurranse-nivå. Gyls-tvillingane kjem under kategorien langdistanse-løparar. Stort sett alt med varigheit 15 minutt til drygt to timar. Sivert har siste tida vore sterkast på kortare løp. I 2021 noterte han 19.09 på fem kilometer under Sommarkarusellen i Ålesund, og sekundet raskare under 1.løp i Vinterkarusellen. Andreas gjorde sist sommar 41.42 på 10 kilometer under Sommarkarusellen i Ålesund. Halvmaraton-tidene deira kryp heile tida nedover. Truleg vil ein av dei, eller begge, sjå høgt 1.20-tal i løpet av sesongen.

Gyls-gutane har i 2021 konkurrert i 18 års klassen, slik at inneverande sesong vert den siste i klasse M 18-19 år. Offisielle Konradløp har ikkje vore arrangert sidan 2019. Då overlevde Svein sin familierekord (17.58), men Andreas pusta bestetida i nakken med 18.06. 1. mai i 2021 sprang tvillingane på 17.23 og 17.28 under eit improvisert løp. Altså godt under bestetida til faren. Så sjølv om Svein har oppdradert seg på utstyrssida (sko), veit han at 1.mai 2022 er det over og ut for hans 17.58 som familie-rekord. Om det vert Sivert eller Andreas som tek den, ja, det er eit vidope spørsmål.

For å vere berre 18 år, er Sivert og Andreas kallast røynde langdistanse-løparar. Ein lærer av erfaring, og det er naturleg at tenåringar både må prøve og feile i så lange løp som eit halvmaraton. Men året 2021 var året der Andreas fann oppskrifta på korleis eit slikt løp skulle disponerast. Det gjorde han i Sandane under Gloppen halvmaraton. Med klassesiger på 1.34.32.
Gyls-tvillingane har opp gjennom åra delt på å vere best. Tolmodig treningsarbeid har gitt jamn, fin framgang kvart år. For begge. S
 lik håper vi det også vert etter Svein sin siste skanse på løpssida har falle. I så fall kan Sivert og Andreas bli skikkeleg gode løparar, også på seniornivå

Gratulerer med «Tenåringsprisen»!